Bil innesperra etter jordras i Hardanger
Bilføraren som måndag morgon vart sitjande fast mellom to ras som gjekk over fylkesveg 79 ved Kjepso mellom Ålvik og Kvanndal, er i trygg forvaring.
Bilen vart ikkje er treft, men føraren måtte stanse fordi det kom eit ras framfor i vegbanen. Deretter kom det eit mindre ras bak, opplyser trafikkoperatør Ronny Sleire til Bergensavisen.
På X (tidlegare Twitter) melder Vest politidistrikt at personen som hadde i bilen har kome seg ut av bilen og er i trygg forvaring. Det er ikkje meldt om andre som sit fast i området.
– Det er eit større ras på fem–seks meter med stein, jord og tre. Mellom anna skal det vere ein stor stein som har falle ned, seier Sleire.
Klokka 8.05 vart det meldt om fleire jord- og steinras i området.
Vegen går langs Hardangerfjorden. Entreprenør er på veg til staden, ifølgje Vegtrafikksentralen Vest. Ifølgje Sleire vil vegen vere stengd i ein del timar framover.
– Kanskje heile dagen, men vi må få oversikt først, seier han til avisa.