Elbilsalet har gått opp i taxinæringa etter krav frå fylkeskommunane. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Elbilsalet har gått opp i taxinæringa etter krav frå fylkeskommunane.

Elbilar dominerer når taxinæringa kjøper nye bilar

Publisert Sist oppdatert
Ni av ti taxiar som vart kjøpt i Noreg i fjor var elektriske. I Bergen og Stavanger var alle nye taxiar i fjor elbilar.

Salstal frå Opplysningsrådet for veitrafikken viser at 88 prosent av alle nye taxiar i 2023 var elektriske. Dette er høgare enn elbilandelen i nybilsalet elles, som var på 82,4 prosent.

Elbilandelen blant nye taxiar enda på 100 prosent i Bergen og Stavanger i fjor, medan det var 97 prosent i Trondheim og 90 prosent i Oslo.

– Det er mange taxiar, spesielt i dei store byane. At desse blir elektriske bidreg til eit betre bymiljø, mindre lokal luftforureining, og det kuttar klimagassutslepp, seier generalsekretær i Elbilforeningen, Christina Bu, i ei pressemelding.

Mange av fylkeskommunane har vedteke ein tidsfrist for når alle taxiløyve skal vere elektriske. Krava gjeld i hovudsak for personbilar, men har nokre få unntak.

I gamle Hordaland fylke skal alle taxiane vere elektriske 1. april i år, og kravet blir utvida til Sogn og Fjordane 1. april 2026. I Oslo gjeld kravet frå 1. november 2024, medan det i Buskerud, Akershus og Østfold gjeld frå 1. oktober 2027.

Liknande krav er stilt i Trøndelag, Nordland og Rogaland.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS