Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Fleire enn før er bekymra for tap av natur
7 av 10 meiner kommunane bør innføre markagrenser. Nedbygging bekymrar stadig fleire.
Ei Ipsos-undersøking frå 2023 viser at annankvar nordmann meiner det blir tillate for mykje utbygging i naturen i Noreg. I 2021 låg talet på 41 prosent.
For å avgrense nedbygginga meiner mange at kommunar med bynær natur bør innføre eigne markagrenser, viser ei anna undersøking frå Ipsos.
– Heile 72 prosent seier at dei meiner alle kommunar med by- og tettstadsnær natur bør innføre varige utbyggingsgrenser tilsvarande markagrensa i Oslo, for å sikre folk tilgjengeleg natur, fortel Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.