Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bjoa kyrkje har stort behov for oppgradering og vedlikehald. Planen var å gjennomføra renovering og maling i sommar, men grunna budsjett-krøll må truleg heile arbeidet venta eitt år. Foto: Grethe Hopland Ravn
Slik såg Bjoa kyrkje ut sommaren 2019. No er bordkledninga byta ut, og kyrkja er klar for å feira sin 125-årsdag - eit lite kvartal forseinka. Fredag blir det kyrkjekonsert her, og det er talentfulle folk med røter frå Bjoa som skal vera med å bidra.

Inngår samarbeid for å sikra ordentleg reparasjon av kyrkjer

Publisert Sist oppdatert
– Kyrkjebygga representerer særleg verdifulle bygningar som òg er av stor betyding for folk flest. Denne samarbeidsavtalen inngår også som eit viktig bidrag i det felles løftet mellom stat, kommune og folkekyrkje for bevaring av særleg kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, seier administrerande direktør Marit Halvorsen Hougsnæs i Hovedorganisasjonen KA i ei pressemelding.

Alle kyrkjebygg er omfatta av den nye avtala som dei har inngått saman med NHO Byggenæringa. Målet er å sikra tilgang på kapasitet og kompetanse til restaurering og vedlikehald av alle kyrkjebygg, i tillegg til oppføring av nye.

Samarbeidspartnarane håpar òg små og mellomstore aktørar innan byggebransjen kan dra nytte i dei lokale marknadene sine.

– Det er viktig å sikra at kompetansen til dei flinke fagfolka våre blir i byggenæringa. Oppdrag med å setta kyrkjene i stand vil medverka til rekruttering til handverksfag og sikra lokale arbeidsplassar, seier administrerande direktør Nina Solli i NHO Byggenæringen.

Powered by Labrador CMS