16.885 av varene på Vinmonopolet blir dyrare frå årsskiftet. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
16.885 av varene på Vinmonopolet blir dyrare frå årsskiftet.

Prishopp på tusenvis av polvarer frå årsskiftet

Publisert Sist oppdatert
Nesten halvparten av varene på Vinmonopolet stig i pris frå 1. januar. Samtidig blir nokon flasker billigare.

I snitt stig prisane på Vinmonopolet med 1,7 prosent, skriv E24. 16.885 av Vinmonopolets varer blir dyrare, og 650 av dei aukar med meir enn 100 kroner.

Men 13.000 flasker vil også bli billigare, sjølv om det for det store fleirtalet dreier seg om nokre få øre eller kroner. Berre 160 flasker vil gå ned i pris med 100 kroner eller meir.

Vinimportørane har høve til å justere sine prisar tre gonger i året, noko som fører til at prisane på Vinmonopolet blir endra.

Ein annan grunn til at prisane aukar no, er at både alkohol- og emballasjeavgifta blir inflasjonsjustert med 3,8 prosent når vi går inn i det nye året.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS