Reinforsdammen i Nordland. ARKIVFOTO: STATKRAFT
Reinforsdammen i Nordland.

Statkraft varslar gigantinvesteringar vass- og vindkraft

Publisert Sist oppdatert
Statkraft planlegg å investere 44 til 67 milliardar kroner i oppgraderingar av norske vass- og vindkraftanlegg, og dessutan bygging av nye vindparkar på land.

Ifølgje Statkraft er investeringsplanane dei største i Noreg på mange tiår.

Statkrafts investeringsplanar i Noreg vart presenterte av konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen og nordensjef Birgitte Ringstad Vartdal på ein pressekonferanse måndag.

– Oppgradering av vasskrafta er viktig for å gjere ho endå meir regulerbar og med det leggje til rette for at framtidig vekst i kraftbehov i hovudsak kan dekkjast med vindkraft, seier konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft i ei pressemelding.

Ifølgje han vil vasskraftinvesteringane først og fremst bidra til at vi kan produsere meir av det lagra vatnet når vi treng det mest og dermed gjere kraftsystemet meir robust.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS