Owe Ingemann Waltherzøe har starta eit nytt parti.
Foto: Emilie Holtet / NTB / NPK
Tidlegare INP-leiar startar nytt parti
Owe Ingemann Waltherzøe har starta eit eige parti etter at han trekte seg som leiar for Industri- og næringspartiet (INP).
Det nye partiet har fått namnet Det norske industripartiet (DNI), stadfestar han overfor Adresseavisen.
– No kjem vi til å lage versjon 2.0 av Industri- og næringspartiet, og vi jobbar no med å få på plass dei formelle tinga. I går og i morgontimane i dag vart vi registrerte i einingsregisteret, seier Waltherzøe til avisa.
Med seg på laget har han om lag halvparten av sentralstyret i det gamle INP, ifølgje Adressa.