I 2022 oppnemnde regjeringa eit utval som skulle gjennomgå kvalitetsvurderingssystemet i skulen. Utvalet foreslår å avvikle eksamen i grunnskulen, noko ei rekke kommunar er kritiske til. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK
I 2022 oppnemnde regjeringa eit utval som skulle gjennomgå kvalitetsvurderingssystemet i skulen. Utvalet foreslår å avvikle eksamen i grunnskulen, noko ei rekke kommunar er kritiske til.

Kommunar kritiske til avvikling av eksamen

Publisert Sist oppdatert
Totalt har rundt 40 kommunar og fylkeskommunar sendt inn høyringssvar til forslaget om å fjerne eksamen frå grunnskulen. Fleire er svært kritiske til forslaget.

Det var i april 2022 at regjeringa utnemnde eit utval som skulle gå gjennom kvalitetssystemet i grunnskulen. Fleirtalet i utvalet konkluderer med at eksamen bør avviklast.

– Det at 80 prosent av karakterane på vitnemålet er standpunktkarakterar, gjer at vi bør bli meir opptekne av god undervegsvurdering, seier professor Tine Prøitz, som har leidd utvalet, til Utdanningsnytt.

Ifølgje avisa er fleire av dei rundt 40 kommunane og fylkeskommunane som no har sendt inn høyringssvara sine, svært kritiske til forslaget.

– Eksamen er viktig både for å gi eit rettferdig grunnlag ved inntak til vidare utdanning, og ikkje minst fordi ein eksamen fungerer som eit viktig korrektiv til kvar enkelt skule, og lærarar, si fastsetjing av standpunktkarakter, skriv Kristiansand kommune i høyringssvaret sitt.

Kristiansand får følgje av ei rekke andre kommunar, som Asker, Bærum, Lillestrøm, Sarpsborg, Skien og Trondheim.

Berre fire kommunar gir si fulle støtte til forslaget om å gjere grunnskulen eksamensfri. Det gjeld Bergen, Time, Midt-Telemark og Våler.

Drammen kommune skriv i høyringssvaret sitt at dei støttar at eksamensforma blir fornya, men ikkje at ordninga blir heilt avvikla. Også Fredrikstad og Bodø peikar på at eksamensforma bør endrast.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS