Jostein Grindheim (t.v.), Rune Håheim og Vigleik Gutubø kan fortelja at verken dei, eller resten av mannskapet stiller seg bak lesarinnlegget til Ole Martin Grindheim.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Brannberedskap
Støttar ikkje innhaldet i kollegaen sitt lesarbrev
Måndag kveld samla brannmannskapet frå Etne stasjon seg på pauserommet i brannstasjonen, og med seg hadde dei brannmannskapet frå Skånevik på Teams.
Bakgrunnen for å møtast på denne måten var lesarinnlegget til Ole Martin Grindheim som blei publisert på grannar.no tidleg på morgonen same dag.
— Eg synest det er heilt horribelt å hengja ut Etne brann- og redning på denne måten. Her blir me kalla for sutrekoppar, og skribenten trør både verneombod, brannsjef, beredskapsleiar, tillitsvalde og mannskap på tærne så det held. Det er skummelt, for kor lenge gidd brannsjef og beredskapssjefseier som går i fulle stillingar og jobbar knallhardt gjennom heile året, å finna seg i slikt? Eg hadde kasta inn handklede for lenge sidan, seier stasjonssjef ved Etne stasjon, Rune Håheim.