Lesarbrev-forfattar Ole Martin Grindheim var innstsleiar frå Etne brann og redning då eit hus brann ned på Sande i november i 2023.
FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Lesarbrev-forfattar Ole Martin Grindheim var innstsleiar frå Etne brann og redning då eit hus brann ned på Sande i november i 2023. FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN

«Dette er flaut»

Eg les i Grannar at Etne Brann og redning ikkje har nok pengar til forsvarleg drift. Tillitsvalde og leiinga går ut i media og meiner at kommunedirektøren/politikarane har svikta dei.

Hovudargumentasjonen for å trekke seg ut av HBR (Haugaland Brann og redning) var at en var bekymra for pengebruken til leiinga i HBR. Måten dei forvalta tildelte midlar og at risiko – og sårbarheitsanalysar (ROS) vart bestilt utforma slik leiinga ønskte. Det vart òg argumentert med at avstanden mellom mannskap og leiing (brannsjef) var for stor. Me såg eit mønster som tilsa ei kraftig auke for Etne kommune, og i neste omgang blir kommunedirektøren nøydd til å ta midlar frå andre etatar for å dekke faktura frå HBR. Siste året Etne kommune var med i HBR kosta dette 5,6 millionar. Det vart og argumentert med at Etne Kommune var «best i klassen» med tanke på utstyr og kompetanse når me vart med i HBR, spesielt vart Etne stasjon nemnt som eksemplarisk. Det vart argumentert med at Etne Kommune dermed måtte vere med å dekke «etterslep» frå dei andre kommunane etter avtalt fordelingsnøkkel.

Eg var aktiv pådrivar for å få oss ut av HBR og etablert eiget brannvesen og intensjonen var at me skulle drifte innanfor kostnaden med å vere en del av HBR. Det var også ein intensjon at me skulle søke samarbeid med naboar i høve til paragraf 5 i dimensjoneringsforskrift, sitat: «Brann- og redningsvesenet skal søke samarbeid med nødmeldesentralen, andre brann- og redningsvesen, politiet, helsetjenesten, Sivilforsvaret, relevante skogbruksaktører, industrivern, flyplass- og havariberedskap, veimyndigheter og andre samvirkeaktører med sikte på en best mulig tjeneste for innbyggerne. Brann- og redningsvesenet skal ved behov inngå avtaler med samvirkeaktører nevnt i første ledd, som legger til rette for å motta eller yte bistand. Avtalene skal også regulere fremgangsmåte ved anmodning om bistand.» Sitat slutt.

På den tida hadde me ein særs framoverlena kommunaldirektør og kommunalsjef. Eg vart konstituert som leiar av brannvesenet (brannsjef) og me fekk tildelt ekstra midlar i en oppstartsfase slik at me fekk rom til å tilsette brannsjef i 50 prosent stilling og 50 prosent andre oppgåver samt kombinert beredskapsleder og leder førebyggande. Det var heile tida intensjonen, og det vart tydeleg presisert i alle jobbintervju at me skulle drifte innanfor 5,6 millionar + indeksregulering. For å få dette til, er det nødvendig med samarbeid med nabovesen. Det er heva over ein kvar tvil at dette vil skape best beredskap per nytta krone. Og som delaktig i denne prosessen blir eg svært trist og flau over å ha vore delaktig i å leie kommunaldirektøren og våre politikarar inn i denne fadesen, og eg beklagar på det sterkaste.

Etne kommune bør etter kvart få eit brannvesen som har ro i rekkene, og ikkje spring til media kvar gong dei ikkje får det som dei vil. Det blir nok ikkje så mange som vil søke seg inn i denne «syteklubben» som aldri blir nøgde. Korleis skulle det sett ut i media dersom dei andre etatane skulle gått frem på same måte? Det er ein kjent sak at ROS-analysar blir laga ut ifrå den informasjon utøvande føretak får i sin bestilling. I den ROS-analyse som vår nye brannsjef har fått utarbeidd, og som seinare er vedtatt av Etne Kommune, er det ikkje tatt høgde for at me faktisk har gode nabovesen som me kan dra vekslar på og samarbeide med og eg nemnar følgjene frå dimensjoneringsforskrifta:

  • Brannsjef: Alle kommunar skal ha en «brannsjef» men det er ein teneste me kan kjøpe/konkurranseutsette frå naboar. Ein eigen brannsjef kostar cirka 1 million kroner per år.
  • Varabrannsjef/beredskapsleiar: Alle kommunar skal ha ein «varabrannsjef/beredskapsleiar», men det er ein teneste me kan kjøpe/konkurranseutsette frå naboar. Ein eigen varabrannsjef/beredskapsleiar kostar cirka 1 million kroner per år.
  • Innsatsleiar på vakt: Alle kommunar skal ha ein innsatsleiar i vaktordning. Ein person i vaktordning kostar cirka 1 million kroner per år, og det er normalt at det blir inngått avtalar slik at denne dekker eit større geografisk område, det er i tillegg til lønn særs kostbart å utdanne nytt personell til den oppgåva som krev spesielle personlege eigenskapar. EBR har i etablert eigen ordning med overordna innsatsleiar og starta utdanning på dei som ikkje har den formelle kompetansen. I tillegg er det kjøpt inn en «vaktbil» til 1,3 millionar. Ved å søkje samarbeid med naboar er det mykje å spare på drift.
  • Utrykkingsleder i vaktordning: I høve til dimensjoneringsforskrifta er det eit krav at kvar stasjon skal ha minst 4 utdanna utrykkingsleiarar, men det er ikkje eit krav at dei går i vaktrotasjon. og dette kostar Etne kommune cirka 1 million kroner per stasjon, totalt cirka 2 millionar kroner.

Det er heilt klart behov for ny stasjon/betre fasilitetar i Skånevik, og det bør prioriterast høgt. Når det gjeld investering i biler og utstyr er det betydelege beløp og god berekraft å inngå samarbeid med nabobrannvesen, og me vil få ein helt anna slagkraft enn om me skal gjere alt sjølv. Eg stiller meg undrande til at «den beste i klassen» har eit så stort behov for fornying av utstyr. Avstanden mellom brannsjef og mannskap er lengre nå en mens me var i HBR. Eg ser at «tillitsvalt for heile EBR» uttaler seg i media. Eg kan ikkje sjå at eg har vor delaktig i val av vedkommande eller at det er gjennomført mannskapsmøte der vedkommande har fått mandat frå mannskapet til å uttale seg som tillitsvalt.

Suldal kommune trekte seg ut av HBR, og har innleidd samarbeid med brannvesenet i Sauda og drifter innanfor same kostnad som de var i HBR. Sveio Kommune trakk seg ut av HBR og er nå ein del av Haugesund brannvesen, og driftar innanfor same kostnad som den tida dei var i HBR og mannskapa er særs nøgde med situasjonen. Kvifor kan me da ikkje gjere det same i Etne, det er skattebetalarane sine pengar som skal bli forvalta fornuftig, og eg klarer ikkje å sjå at så er tilfelle.

Eg har stor tillit til at kommunedirektøren med politikara vil styre EBR inn på riktig kurs, slik at me får eit brannvesen som bygdefolket kan vere stolte av! Eg har og tru på at leiinga i brannvesenet etter kvart vil skjøne at det ikkje blir meire pengar i kommunekassa av å sutre i media. Og at kreative løysingar i samarbeid med mannskap og nabobrannvesen vil vere til det beste for bygdene våres.

Ole Martin Grindheim

Tidlegare beredskapsleiar i Etne brann og redning og brannmann ved Etne Stasjon i 29 år