Ein rapport viser at born av foreldre med låg utdanning i gjennomsnitt har svakare arbeidsminne, ordforråd og sjølvregulering. No ønsker aktørar å få bukt med problemet og auka kompetansen om forholda i lærarutdanninga. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK
Ein rapport viser at born av foreldre med låg utdanning i gjennomsnitt har svakare arbeidsminne, ordforråd og sjølvregulering. No ønsker aktørar å få bukt med problemet og auka kompetansen om forholda i lærarutdanninga.

Vil ha kompetanselyft om sosiale skilnader inn i lærarutdanninga

Publisert Sist oppdatert
Ein rapport finn at sosiale skilnader aukar gjennom utdanningsløpet til elevar. Fagfolk tek til orde for kompetanseheving i lærarutdanninga.

– Me ønsker oss ei profesjonsheving av dei tilsette, i fyrste omgang i form av etterutdanning, med fokus på relasjonar, seier professor i samfunnsøkonomi Katrine Vellesen Løken ved Noregs handelshøgskule (NHH) til avisa Khrono.

Ein rapport viser at born av foreldre med låg utdanning i gjennomsnitt har svakare arbeidsminne, ordforråd og sjølvregulering. Rapporten viser òg til funn av oftare åtferdsproblem og vanskar med å tilpassa seg pedagogiske aktivitetar.

– Dette er noko skulen allereie jobbar med, men me ser at det bør skje meir systematisk, seier Løken.

– Me ønsker eit mangfald inn i alle lærarutdanningane. Me vil ha ungdom med innvandrarbakgrunn, og me ønsker oss fleire mannlege lærarstudentar. Jenter skårar betre enn gutar på skulen, og noko av årsaka kan vera at jenter har betre rollemodellar i kvinnelege lærar i barneskulen, seier førskulelektor Bodil Kjebo Risøy ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS