Det norske kongehuset deler familiebilete frå Bygdøy kongsgard.
Foto: Simen Løvberg Sund / Det kongelege hoffet / NTB / NPK
Bestefar kong Harald med familien på nytt foto
For første gong etter kong Haralds operasjon deler kongefamilien eit bilete av familien på Instagram.
Ein smilande kong Harald sit framme med dronning Sonja ved si side, medan kronprinsparet og barna Ingrid Alexandra og Sverre Magnus står bak.
– Kongefamilien ønskjer alle ei riktig god påske. Kongeparet og kronprinsfamilien har vore samla på Bygdøy kongsgard i starten av påskeveka, skriv kongehuset på Instagram.
Kong Harald fekk operert inn pacemaker ved Rikshospitalet i Oslo etter å ha vorte sjuk på ferie i Malaysia i februar. Han er framleis sjukmeld etter operasjonen. I utgangspunktet varer sjukmeldinga til 8. april.
– Det går betre med kongen, og vi gler oss til å vere saman i påska, sa kronprins Haakon til pressa sist fredag.