Påskeeggjakta er i gang for Q-Meieriene. Foto: Q-Meieriene
Påskeeggjakta er i gang for Q-Meieriene.

No kan du jakte påskeegg på mjølkekartongen

Q-Meieriene er i gang med påskeeggjakta på mjølkekartongen.

Publisert Sist oppdatert
– Vi i Q-Meieriene vidarefører tradisjonen med påskeeggjakt på mjølkekartongane, og mange er allereie i gang, seier mjølkesjef i Q-Meieriene Pål Rasmussen i ei pressemelding.

Meieriet ventar at meir enn 100.000 nordmenn engasjerer seg i påskejakta, og at dei vil leite etter egga som er gøymde på mjølkekartongen.

– I år kan du òg få testa geografikunnskapane dine. Vi har teikna inn 41 kjende landemerke frå heile Noreg, seier ein nøgd mjølkesjef.

Mjølkedrikkarane kan få leite etter kjende landemerke i fylket sitt, eller sjå kor mange landemerke dei finn i teikningane.

– Påska 2023 var det meir enn 100.000 personar som sende inn løysning på kvissen vår. Målet er sjølvsagt å slå rekorden i år, seier Rasmussen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS