Ein av fire som blei fødd i 2005, oppgir at dei ikkje har helse til å utføre førstegongstenesta. Til sammenlikning gjeld dette for to av tre i Sverige.
Foto: Javad Parsa / AP / NTB / NPK
Ein av fire har for dårleg helse til førstegongsteneste
25 prosent av 16- og 17-åringane som i 2022 svarte på Forsvarets eigenmelding, oppgav at helsa var for dårleg til å tenestegjere i militæret.
25 prosent av 16- og 17-åringane som i 2022 svarte på Forsvarets eigenmelding, oppgav at helsa var for dårleg til å tenestegjere i militæret.
Nesten 16.000 av dei 61.000 spurde oppgav at helsa ikkje strakk til, viser tal Forsvarets forum
har fått frå Forsvarets personell og vernepliktssenter (FPVS).
Andelen er langt større blant jentene (34 prosent) enn blant gutane (18 prosent). Tala gjeld for 2005-kullet.