Illustrasjonsbilete.
Arkivfoto: Privat
Fysisk aktivitet kan beskytta mot kronisk smerte, viser forsking
Forskarar ved Universitetet i Tromsø har funne ut at fysisk aktive har mindre risiko for å oppleva smerter seinare i livet.
– Me fann ut at personar som var meir aktive i fritida hadde ein lågare sjanse for å ha ulike typar vedvarande smerter 7 til 8 år seinare. For eksempel var det å vera berre litt meir aktive, som å gå frå lett til moderat aktivitet, forbunde med 5 prosent lågare risiko for å oppgje noka form for kronisk smerte seinare, seier doktorgradsstipendiat Anders Årnes ved UiT og UNN i ei pressemelding.
I 2023 fann forskarar ved Universitetet i Tromsø (UiT) ut at fysisk aktivitet gjev høgare smertetoleranse. Vidare ønskte dei å sjå på korleis det heng saman med langvarige smerter i etterkant.