Bjørkepollensesongen er like rundt hjørnet. Har ein allergi, er det lurt å begynne på medisin allereie no, tilrår pollenforskarar.
Foto: Aleksander Andersen / NTB / NPK
No kjem bjørkepollen – kanskje allereie denne veka
Over éin million nordmenn har pollenallergi, og snart slår bjørkepollensesongen inn for fullt. Om ein ikkje har byrja på medisin enno, er det snart på tide.
Over éin million nordmenn har pollenallergi, og snart slår bjørkepollensesongen inn for fullt. Om ein ikkje har byrja på medisin enno, er det snart på tide.
For ettersom temperaturen stig fleire stader i landet og våren er på god veg, er også bjørkepollensesongen rett rundt hjørnet.
Bjørka vil truleg starte spreiing innan av kort tid, ifølgje pollenforskarar frå Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF), som har ansvar for den nasjonale pollenvarslinga.