Meir ekstremvêr, auka temperaturar og grøne jobbar vil påverke arbeidslivet framover. Det kan gi nye risikoar i arbeidsmiljøet og endre måten vi jobbar på.
Foto: Arbeidstilsynet
Slik kan klimaendringane påverke arbeidslivet
28. april er den internasjonale arbeidsmiljødagen. I år er det fokus på korleis meir ekstremvêr, auka temperaturar og grøne jobbar kan skape nye risikoar i arbeidsmiljøet og endre måten vi jobbar på.
– Det er viktig at verksemder, partane i arbeidslivet og fagmiljø har kjennskap til korleis klimaendringar kan påverke arbeidet og arbeidsmiljøet. Å vere i forkant gjer oss betre rusta til å handtere nye eller endra farar. Det gjer oss i stand til å ta i bruk nye metodar og teknologi som er tilpassa endra rammevilkår som følgje av klimaendringane, seier Monica Seem, avdelingsdirektør i Arbeidstilsynet, i ei pressemelding.
Hyppigare vêrhendingar som flaum og styrtregn vil påverke fleire yrkesgrupper, spesielt redningsarbeidarar, skriv Arbeidstilsynet, og siterer Eirik Albrechtsen, som er professor ved institutt for industriell økonomi og teknologileiing på NTNU: