Haugesund Lufthamn.
FOTO: BROADSTONE
Ventar store forseinkingar i flytrafikken torsdag
Luftrommet over heile Sør-Noreg er stengt torsdag morgon som følgje av ein teknisk feil hos Oslo Kontrollsentral, melder Avinor.
– Det er forventa vesentlege forseinkingar. Varigheit er akkurat no ukjend. Vi oppmodar alle reisande til å forhalde seg til den informasjonen dei får frå flyselskapet sitt. Vi beklagar ulempene dette medfører. Dette er all informasjon vi har akkurat no. Vi kjem tilbake med meir informasjon. skriv Avinor i ei pressemelding.
Ved Oslo lufthamn letta det siste flyet klokka 6, ifølgje Avinors oversikt.
NTB snakka like etter klokka 6.30 med ein passasjer på eit fly som skulle ta av frå Gardermoen, men der piloten opplyste at flykontrollen er nede over heile landet, og at heile systemet er lamma.