Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier at hans viktigaste jobb er å få ned ventetida i sjukehusa, og ber derfor sjukehusa bryte færre fristar.
Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Færre fristar må brytast, krev helseministeren
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) vil gi sjukehusa i oppdrag å få ned talet på fristbrot som eit ledd i arbeidet med å få ned ventetidene.
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) vil gi sjukehusa i oppdrag å få ned talet på fristbrot som eit ledd i arbeidet med å få ned ventetidene.
Helseministeren definerer si viktigaste oppgåve som å få ned ventetidene i sjukehusa. Derfor skal han i revidert oppdragsdokument be helseregionane og Helfo om mellom anna å bryte færre fristar.
– Alle pasientar som er vurderte til at dei treng sjukehusbehandling, skal vere trygge på at dei får forsvarlege tenester innan forsvarleg tid, seier Vestre i ei pressemelding.