Rådyrkalvar i høgt gras ligg utsett til under slåtten. Eit nytt forskingsprosjekt skal undersøkje om flytting bidreg til at fleire overlever. Foto: Hans Kr. Olsen / NPK
Rådyrkalvar i høgt gras ligg utsett til under slåtten. Eit nytt forskingsprosjekt skal undersøkje om flytting bidreg til at fleire overlever.

Forsking skal vise om flytting gjer at fleire rådyrkalvar overlever slåtten

Publisert Sist oppdatert
Kvart år døyr mange rådyrkalvar under slåtten, men det er usikkert kva effekt det har å flytte dei. I sommar blir 30 rådyrkalvar merka med GPS-sendarar, for å undersøkje kva som skjer med kalvane etter dei er flytta ut av enga.

Innsatsen for å redde rådyrkalvar frå slåmaskiner har auka dei siste åra. Folk har spora opp rådyrkalvar ved hjelp av dronar, og flytta kalvane ut av enga før slåtten, skriv Norsk institutt for naturfoskning (NINA).

Når ein rådyrkalv blir handtert, vil det rett nok alltid vere ein risiko for at rådyrgeita forlèt kalven sin. Det er mogleg at denne risikoen er større når rådyrkalvane i tillegg blir flytta på. Det er også sannsynleg at faren aukar for at kalven blir teken av rovdyr som raudrev. Vi veit heller ikkje om rådyrgeita flyttar kalven sin tilbake til enga igjen.

– Derfor ønskjer vi å sjå nærare på effekten av å flytte kalvane ved å merke dei med GPS-sendarar, seier forskar Neri Horntvedt Thorsen i Norsk institutt for naturforsking (NINA).

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS