Første møte hos Riksmeklaren i statsoppgjeret 2. mai. Frå venstre: Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland, Kari Tønnessen Nordli, leiar i Akademikerne stat, Egil André Aas, leiar i LO Stat, Guro E. Lind, leiar i Unio stat, Jens B. Jahren, leiar i YS Stat og Gisle Norheim, personaldirektøren i staten.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Klokka tikkar mot storstreik i staten
Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland har mindre enn 24 timar på seg til å få partane med på å unngå den første streiken i staten sidan 2012.
Om ein ikkje blir samde før klokka 23.59 torsdag, er streiken eit faktum allereie fredag morgon. Då vil 2700 tilsette i staten gå ut i streik – noko som rammar eksamenar ved universitet og høgskular, polititenester, arbeidde i ei rekke departement, og fleire andre tenester.
YS, Akademikerne, Unio og LO Stat braut forhandlingane med Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet 30. april, og partane har sidan 2. mai mekla hos Riksmeklaren.
Storstreik på universiteta