– Gratisferjer skal vere gratis, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande. Han likar ikkje at fylkespolitikarar prøver å skaffe seg inntekter ved å krevje betaling frå trafikantane på gratisferjene. Foto: Peder Skjelten / NPK
– Gratisferjer skal vere gratis, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande. Han likar ikkje at fylkespolitikarar prøver å skaffe seg inntekter ved å krevje betaling frå trafikantane på gratisferjene.

Kommunalministeren godtek ikkje betaling på gratisferjene

Dersom fylkespolitikarane i Møre og Romsdal vedtek å krevje betaling på gratisferjene, kjem staten til å trekkje tilbake pengane som fylkeskommunen får.

Publisert Sist oppdatert

– Det seier seg sjølv at fylkeskommunen ikkje kan få betalt av staten for å ha gratis ferjer, samtidig som fylkeskommunen pålegg folk og næringsliv å betale for dei same reisene som staten allereie har teke rekninga for, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande til Romsdals Budstikke.

I jakta på å skaffe nye inntekter har fylkespolitikarane i Møre og Romsdal vurdert å krevje betalt frå køyretøy på gratisferjesambanda frå nyttår. På andre ferjesamband har dei vurdert å auke takstane éi takstsone.

Rogaland fylkeskommune har allereie vedteke å krevje betalt for å bruke gratisferjene, og statsråden har varsla fylkespolitikarane der om at staten vil trekke tilbake støtta dersom fylkeskommunen innfører betaling.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS