Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) då han 7. mai deltok på markeringa av at produksjonsskipet for Johan Castberg-feltet i Barentshavet er ferdig. Tysdag legg han fram revidert nasjonalbudsjett, som også vil vise regjeringas oljepengebruk.
Foto: Silje Katrine Robinson / NTB
Milliardar til forsvar og helse, og millionar til veg i revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa vil auke forsvarsbudsjettet med 7 milliardar kroner og tilføre 2 milliardar til helsetenestene når revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram tysdag.
Mykje er allereie kjent når regjeringa legg fram forslaget til revidert nasjonalbudsjett tysdag formiddag. Det meste er leke av regjeringa sjølv, dei første dryppa om tillegg kom så tidleg som på nyåret.
Det er finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) som vil leggje fram forslaget til revidert budsjett klokka 11. Departementet vil sende ut nøkkeltal frå forslaget allereie klokka 8. Der vil det mellom anna gå fram kor mykje oljepengar regjeringa legg opp til å bruke.
Då vil venteleg ei rekke økonomiske analytikarar og sjeføkonomar i dei største bankane i landet også kommentere kva påverknad budsjettforslaget frå regjeringa kan få på styringsrenta frå Noregs Bank og kronekursen, som er monaleg svekt den siste tida.