Det kan bli færre parti å velje mellom under stortingsvalet neste år. Foto: Ørn E. Borgen / NTB/ NPK
Det kan bli færre parti å velje mellom under stortingsvalet neste år.

Partiet Liberalistene legg truleg ned

Publisert Sist oppdatert

Endringar i vallova gjer at partiet Liberalistene vurderer å kaste inn handkleet. Dei fekk for få stemmer i 2021 til å få vere med i stortingsvalet neste år.

Ifølgje vallova må eit parti ha hatt 5000 stemmer i eit stortingsval for automatisk å bli inkludert på stemmesetlane med neste stortingsval.

I 2021 fekk Liberalistene 4520 stemmer, eller 0,2 prosent, melder Nettavisen.

Partiet har no kalla inn til ekstraordinært landsstyremøte der dei skal drøfte om partiet blir lagt ned eller ikkje. Får ein ikkje 5000 stemmer, må ein nemleg samle inn underskrifter frå 1 prosent av alle med stemmerett. Det svarer til 38.917 underskrifter.

Partileiar Arnt Rune Flekstad seier det vil vere eit mirakel» å få til så mange underskrifter.

– Om vi må stanse 10 personar for kvar underskrift, er det 400.000 personar, seier han.

Dei andre partia som står i same situasjon er Alliansen, Piratpartiet og lista Pasientfokus i Finnmark. Sistnemnde fekk inn éin representant på Stortinget ved førre val. Partiet Sentrum, Pensjonistpartiet og INP fekk alle over 5000 stemmer ved stortingsvalet i 2021.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS