– Dersom fleire klarer seg i lengre tid, så gjer det at handteringa av ei eventuell krise vil gå mykje lettare, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp). Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
– Dersom fleire klarer seg i lengre tid, så gjer det at handteringa av ei eventuell krise vil gå mykje lettare, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).
Fyrstikker, batteri, lommelykt, jodtablettar og stearinlys er blant tinga ein tilrår å ha lagra heime dersom det oppstår ei krise. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Fyrstikker, batteri, lommelykt, jodtablettar og stearinlys er blant tinga ein tilrår å ha lagra heime dersom det oppstår ei krise.

Regjeringa skjerpar beredskapsråda: Folk må klare seg sjølve i sju dagar

Publisert Sist oppdatert
No bør folk klare seg sjølve i ei heil veke i tilfelle krise, er rådet frå styresmaktene. Det er meir enn dobbelt så lenge som tidlegare tilrådd.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke ved kriser. Det er fordi kommunar, nødetatar og frivillige organisasjonar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp.

Formålet med råda er å hjelpe folk til å dekkje dei mest grunnleggjande behova i ei krise: varme og lys, mat og vatn, informasjon og legemiddel og hygiene.

DSB har samla alle råda på nettsida sikkerhverdag.no.

Konto og kontantar

Blant tilrådingane frå styresmaktene er mat med lang haldbarheit, vatn, radio og førstehjelpsutstyr.

– Viss fleire klarer seg i lengre tid, så gjer det at handteringa av ei eventuell krise vil gå mykje lettare, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) til Nettavisen.

Eit anna råd er å ha konto i fleire bankar.

– Det kan oppstå ein situasjon der éin bank blir ramma av eit cyberangrep, slik at ein ikkje får ut pengane sine. Då kan det vere god beredskap å ha pengar på konto i fleire bankar. Av same grunn er det lurt å ha tilgang på kontantar.

Forverra tryggleik

Dei største endringane samanlikna med eigenberedskapsråda som vart gitt ut i 2018, er at varigheita på eigenberedskapen aukar frå minst tre dagar til ei veke. I tillegg er det meir detaljerte råd om kritisk medieforståing og tilhaldsstader i kriser, og felles eigenberedskap og psykisk helse i kriser.

Bakgrunnen for råda er ein varig forverra tryggingspolitisk situasjon i vår del av verda.

– I tillegg til den endra tryggingspolitiske situasjonen i Europa, ser vi at klimaendringane fører til stadig meir ekstremvêr som rammar oss i Noreg.

I samband med Eigenberedskapsveka 2024 vil DSB distribuere ein brosjyre som samlar dei oppdaterte råda til alle husstandar i Noreg.

Førstehjelp

Hos Røde Kors blir nyheita møtt med applaus.

– Det er bra at styresmaktene kommuniserer tydeleg til befolkninga kva eigenberedskap betyr. Det er heilt avgjerande at kvar enkelt er førebudd på å klare seg sjølv og hjelpe andre når kriser kjem, seier beredskapsleiar Anders Thorheim i Noregs Røde Kors.

Han meiner fleire nordmenn må innsjå verdien av å lære seg førstehjelp for å kunne hjelpe andre i både store og små krisesituasjonar, og minne om at Røde Kors arrangerer gratis digitale førstehjelpskurs.

Sjekkliste for eigenberedskap

* Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.

* Mat som toler lagring i romtemperatur.

* Grill, kokeapparat eller stormkjøkken.

* Varme klede, pledd, dyner og soveposar.

* Fyrstikker og stearinlys.

* Ved dersom du har vedomn eller peis.

* Gass- eller parafinomn som er berekna for innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.

* Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.

* Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.

* DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.

* Legemiddel og førstehjelpsutstyr.

* Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).

* Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.

* Batteri og lada batteribank.

* Litt kontantar og fleire betalingskort.

* Mat og vatn til kjæledyr.

* Liste på papir med viktige telefonnummer som for eksempel nødnummer, legevakt, veterinær, familie, venner og naboar.

(Kjelde: sikkerhverdag.no)

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS