Retten til lærebøker på eige språk er 50 år
Måndag 20. mai er det 50 år sidan Stortinget vedtok å lovfeste retten til å få lærebøker og andre læremiddel på eige språk i vidaregåande skule, også kalla parallellkravet.
Mangel på lærebøker på nynorsk var eit stort problem gjennom heile 1950- og 60-talet. Både Mållaget, det nyskipa Noregs Student- og Elevmållag, elevane og lærarane peika på problemet, kjem det fram i ein artikkel som Noregs Mållag har lagt ut på heimesidene i samband med jubileet.
I 1971 var tolmodet slutt. Då gjekk 30 000 elevar ut i streik ved 112 skular for å få lovfesta retten til at lærebøker på nynorsk skulle kome til same tid og pris som lærebøker på bokmål, og for å få større løyving over statsbudsjettet til nynorske lærebøker. Elevstreiken og krava fekk mykje merksemd. Løyvinga vart auka av Stortinget same hausten, og i departementet og i Stortinget vart det arbeidd med ei ny lov, der lovfesting av retten skulle bli tema.
Det vart eit langvarig lovarbeid. Ei nemnd leia av Reiulf Steen, fekk i 1965 oppdraget med å gå gjennom og kome med framlegg til korleis vidaregåande opplæring skulle organiserast etter at reforma med 9-årig grunnskule var på plass. Nemnda var tydeleg og samstemt om at elevane måtte få lovfesta retten til lærebøker på eige språk. Det vart synt til dei mange aksjonane av elevar og lærarar, særleg ved gymnas over store delar av landet, som alle krev større rettferd for nynorsken».