Mange fleire unge enn før har prøvd turskøyting denne vinteren.
Foto: Henrik Strømstad / NTB FOTO: Strømstad, Henrik
Unge har fått nye aktivitetsinteresser denne vinteren
Medan langrenn og fotturar er dei mest vanlege vinteraktivitetane, har unge denne sesongen vore mykje utandørs med nye påfunn.
Turskøyting, isbading og isfiske har fått ein god oppsving frå 2022 til 2024, viser ei nasjonal undersøking utført av Norsk Friluftsliv.
Det kjem også fram at det er den yngste aldersgruppa som har vore aller mest ute i vinter.
– Det er kjekt å sjå at unge i dag unge leikar seg med fleire og nye vinteraktivitetar. Det er også dei unge som oftast har invitert med andre ut, og er gode på å bruka naturen for å treffast og vera i lag, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.
Turskøyting viser seg som den mest populære, der tre gonger så mange som i 2022 svarar at dei har prøvd denne aktiviteten i år.