Undersøking viser at norsk oppdrettsfisk ligg under grenseverdiane for miljøgift. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Undersøking viser at norsk oppdrettsfisk ligg under grenseverdiane for miljøgift.

Norsk oppdrettsfisk har blitt sjekka for uønskt stoff

Publisert Sist oppdatert
Resultata frå den årlege overvakinga av norsk oppdrettsfisk viser at dei stort sett ligg under grenseverdi, men det var funn av ulovleg stoff i ei av prøvene.

På oppdrag frå Mattilsynet, undersøkjer Havforskingsinstituttet (HI) norsk oppdrettsfisk for miljøgifter, ulovlege stoff og legemiddelrestar, skriv Havforskingsinstituttet (HI) på nettsidene sine.

Denne kontrollen er i samsvar med EU sitt regelverk for å sikre at norsk oppdrettsfisk som går ut til forbrukarane, ikkje inneheld giftstoff over sette grenser.

Mattilsynet samlar inn prøvene, medan Havforskingsinstituttet har ansvar for analysane.

– Nivåa av både legemiddel og miljøgifter var under grenseverdi, men vi fann ulovleg stoff i ei av prøvene, seier forskar Annette Bernhard.

Opphavleg var det påvist funn av testosteron. Dette blei rapportert til Mattilsynet, som følgde opp med nærare undersøkingar av prøva.

Mattilsynet konkluderte med at ei forureining under prøvetakinga var årsaka.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS