Dette biletet blei tatt på Karl Johan i juli i fjor, men kunne like gjerne vore tatt i juli i år. Det er ingen teikn til at sommaren kjem tilbake med det første.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB / NPK
Klimaforskar: Lite truleg med bra sommar i år
Klimaforskar Erik Kolstad seier til Drammens Tidende
at det ikkje ser ut til at vêret blir betre med det første.
– Sånn som Noreg er plassert kan vi ikkje ta det som sjølvsagt at det blir ein perfekt sommar, seier Kolstad, som meiner vi har vore uheldige i år.
– Vêret hos oss er veldig avhengig av kvar vindretninga og lufta kjem frå. I periodar kjem den frå nord og då er det kaldt. I andre periodar kjem den frå sør og då får vi det veldig varmt. Det er tilfeldig og veldig uflaks, rett og slett.