Høgsesongen for tur og friluftsliv er i gang, og Norsk Friluftsliv oppfordrar alle til å ta omsyn og ferdast sporlaust i norsk natur.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Søppel og avføring irriterer oss mest på tur
Undersøkinga
er gjennomført av Ipsos for Norsk Friluftsliv og kartlegg dei ti største irritasjonsmomenta.
Lista blir toppa av forsøpling, som plagar 71 prosent. Det neste på lista er hundebæsj og hundeposar, og menneskeleg avføring og dopapir.
Generalsekretær Bente Lier i Norsk Friluftsliv fortel at sporlaus ferdsel er ein del av allemannsretten og allemannspliktene, og det inneber at vi alle har eit ansvar for å late etter oss naturen slik vi fann han. Samtidig understrekar ho at mange av dei kartlagde irritasjonsmomenta er menneskeskapte og mogleg å gjere noko med ved at vi ferdast sporlaust i norsk natur.