Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

1-2% tare i brødet påverkar ikkje smak og gjer brødet sunnare, ifølgje ei ny studie. Illustrasjonsfoto: Joe Urrutia, Nofimaed / NPK
1-2% tare i brødet påverkar ikkje smak og gjer brødet sunnare, ifølgje ei ny studie.

Tare kan gi sunnare brød

Forskarar i Nofima har nyleg publisert ein vitskapleg rapport som viser at tare kan gi eit sunnare brød

Ifølgje denne rapporten aukar taren innhaldet av jod, som er viktig for skjoldbruskkjertelen hos vaksne og utviklinga av hjernen blant barn og unge. Brødet kan få ein svak grønfarge og ei mild lukt av sjø, kjem det fram i ei pressemelding frå Nofima.

Studien, som er utført av forskarar i matforskingsinstituttet, viser at det er mogleg å tilsetje inntil 1-2% tare i brødet utan at det påverkar dei sensoriske eigenskapane til brødet negativt. Då forskarane brukte tare som ikkje var blansjert, vart det nesten ingen merkbar forskjell i farge eller lukt samanlikna med vanleg brød. Lett kokt (blansjert) tare gav ein svak grønaktig farge og ei mild sjølukt, men påverka ikkje teksturen.

Powered by Labrador CMS