Fleire mista bagasjen på ferie i år enn i fjor. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Fleire mista bagasjen på ferie i år enn i fjor.

Ein god sommar for mobiltjuvane

Mobiltjuvar har lagt ein god sommarmånad bak seg, der mobilar har blitt stolne og øydelagde som aldri før, ifølgje forsikringsselskap.

– Det har vore ein betydeleg auke i fleire typar skadar. Talet på skadar på reise har auka med ti prosent i juli månad. Det er for tidleg å oppsummere, men vi har sett ein spesiell auke i mobilsaker i juli samanlikna med same månad i 2023, seier skadesjef i Frende forsikring, Petter Lassen.

Sjølv om ikkje alle skadane er melde inn til forsikringsselskapa endå, ser Frende nokre tydelege trendar etter sommarmånadane hittil. Det som har skjedd oftast er at folk har blitt sjuke medan dei er på reise. Tett følgjer det at folk mister eller får fråstole mobilar og andre eigedelar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS