Fleire har meldt seg ut av KrF etter Bollestad-bråket
20 medlemmer har forlate KrF etter at Olaug Bollestad gjekk av som partileiar etter eit møtedrama torsdag kveld. 13 har meldt seg inn.
Det skriv Aftenbladet
, som erfarer at rørsla i medlemsmassen er større enn normalt for partiet.
Etter at Olaug Bollestad kunngjorde at ho trekkjer seg som partileiar etter eit krisemøte i sentralstyret i partiet torsdag kveld, har 20 KrF-medlemmer meldt seg ut av partiet på landsbasis. Samtidig har 13 personar meldt seg inn i KrF.
– 10 av dei utmelde og 4 av dei innmelde kjem frå Rogaland, opplyser pressesjef Astrid-Therese Theisen til Aftenbladet.