Studien som er utført i California viser aldring som ein meir komplisert prosess enn først antatt.
Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB
Vi aldrast raskast når vi er 44 og 60 år
Lenge har forskarar trudd at aldring er ein jamn, gradvis prosess. No viser ein ny studie at det kan vera langt meir sprangvis.
Ein ny studie utført ved Stanford University
viser at aldersendringane er på topp ved 44 år. Også når vi passerer 60 år skjer det større endringar knytt til hud og musklar.
– Det nye med denne studien, er at aldringa målt med desse biologiske markørane, ikkje ser ut til å auke jamt. Over 80 prosent av dei mange tusen markørane forskarane såg på i denne studien, auka mest midt i 40-åra og når ein passerer 60 år, seier Michael Snyder, som leier forskingssenteret ved Stanford University.
Først trudde forskarane at desse tydlege endringane skuldast kvinner sin overgangsalder. Men dei fann også dei same endringane hjå dei mannlege deltakarane.