Fleire passasjerar har reist via norske flyplasser i august i år enn i fjor. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Fleire passasjerar har reist via norske flyplasser i august i år enn i fjor.

Vekst i utanlandstrafikken ved norske flyplassar

Publisert Sist oppdatert
Talet på reisande ved Avinors flyplassar held fram med å auke. Utanlandstrafikken var det som drog passasjertala oppover i august.

Det samla talet passasjerar i august var på 4,8 millionar, skriv Avinor i ei pressemelding. Det er ein auke på 3 prosent frå året før.

Av dei var omtrent 2,26 millionar reisande utanlands, ein auke på 8 prosent.

– Vi ventar at auken i utanlandske turistar held fram i åra som kjem. Denne utviklinga har vi sett ei god stund no, og prognosane våre viser at det vil halde fram, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Han seier talet også inkluderer norske utanlandsreisande, men at auken i all hovudsak er driven av utanlandske turistar.

I innanlandstrafikken var det ein nedgang på 1 prosent. 2,47 millionar reiste innanlands i august.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS