Ei undersøking viser at få legar koplar eldre sine helseplager med alkoholbruk. Illustrasjonsfoto: Blå Kors
Ei undersøking viser at få legar koplar eldre sine helseplager med alkoholbruk.

Eldre opplever at legen ikkje snakkar til dei om alkohol

Ni av ti eldre opplever at legen ikkje pratar med dei om korleis alkohol påverkar helsa når dei blir eldre, viser ei fersk undersøking.

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste i alderen 60–80 år drikk alkohol, men mange veit ikkje at kroppen toler alkohol dårlegare enn då dei var yngre. 90 prosent av dei over 70 år tek medisinar, og det kan vere helseskadeleg kombinert med alkohol.

Undersøkinga, som er gjort av Opinion på vegner av Blå Kors, viser at berre 12 prosent opplever at legen har snakka med dei om korleis alkohol påverkar helsa, heiter det i ei pressemelding frå Blå Kors.

– Dette gir grunn til uro. Det speglar truleg at legar generelt opplever at det er utfordrande å snakke med pasientar om alkoholvanar. Dette må vi ta på alvor, og eg trur det er avgjerande at vi tilbyr legar og helsepersonell verktøy dei kan bruke i møte med denne tematikken, seier Anita Ellefsen, divisjonsdirektør i Blå Kors.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS