SAS stansar direkteruter frå Bergen og Stavanger til London.
Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
SAS legg ned to ruter frå Stavanger og Bergen
SAS legg ned to direkteflygingar frå Stavanger og Bergen til London.
Årsaka er låg etterspurnad, opplyser pressesjef Øystein Schmidt i SAS Norge til Flysmart24.
Flyginga frå Bergen har allereie stansa, medan Stavanger-ruta har sin siste avgang på fredag.
– Vi forstår at desse endringane kan påverke enkelte av våre reisande som allereie har bestilt turar, og vi vil gjere vårt ytste for å sikre at dei som allereie har booka billettar, blir vareteke og får booka om reisene sine, seier han.