Ein fersk studie har sett på effektane av å gå tur medan ein blir undervist. Studentane som deltok, var svært positive til opplegget.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB/ NPK
Underviste studentar på gåtur: Berre gode tilbakemeldingar
Ein fersk studie har sett på effektane av å vere i fysisk aktivitet medan ein blir undervist. Studentane som deltok, var svært positive til opplegget.
Det er førsteamanuensis og framandspråklærar Karen Bauer på Institutt for lærarutdanning ved NTNU som har gjennomført studien.
– Målet mitt var å bryte med den tradisjonelle undervisningsforma der studentane sit, til fordel for ein variant som integrerer rørsle, seier Karen Bauer til Gemini.no.
Ho testa ulike aktivitetar i eit pilotprosjekt og landa så på ein metode der ho la diskusjonsfasar utanfor klasserommet.