Kommunalminister Erling Sande (Sp) tok fredag imot tilrådingane frå husleigelovutvalet.
Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Usamde om kor stram husleigelova bør bli
Kor mykje skal ein stramme inn reglane for utleigarar i bustadmarknaden? Eit regjeringsutval klarte ikkje å bli samde om sentrale spørsmål.
Husleigelovutvalet la fredag fram rapporten sin. Dei vedgår at det har vore vanskeleg å samle seg om ein del av forslaga.
* Minstetida for tidfesta leigeavtalar bør aukast frå tre til fem år, meiner fleirtalet.
* Leigaren bør ha rett til å krevje forlenging av visse leigeavtalar, lyder eit anna forslag.