Førebelse tal frå Landbruksdirektoratet viser at 37.267 føretak søkte om produksjonstilskot i 2024. Jordbruksareal i drift er så og seie uendra. Talet på mjølkekyr og verpehøner har auka, men det er nedgang i dyretalet i andre produksjonar.
Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Litt færre søkjer produksjonstilskot
Førebelse tal frå Landbruksdirektoratet viser at 37.267 føretak søkte om produksjonstilskot i 2024. Jordbruksareal i drift er så og seie uendra. Talet på mjølkekyr og verpehøner har auka, men det er nedgang i dyretalet i andre produksjonar.
Førebelse tal frå Landbruksdirektoratet viser at 37.267 føretak søkte om produksjonstilskot i 2024. Jordbruksareal i drift er så og seie uendra. Talet på mjølkekyr og verpehøner har auka, men det er nedgang i dyretalet i andre produksjonar.
Samanlikna med tilsvarande tal i fjor er det ein reduksjon på 360 føretak som har søkt produksjonstilskot i 2024, ein nedgang på ein prosent.
Produksjonstilskot er eit samleomgrep for ei rekke tilskotsordningar som dei fleste bønder søkjer på. Statistikk frå søknader om produksjonstilskot gir derfor god oversikt over status og utvikling i jordbruksareal og husdyr.