Kommunalminister Erling Sande er ein god kandidat til å bli Senterpartiets nye nestleiar, meiner ordførar Jenny Følling.
Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Ordførar foreslår Erling Sande som ny Sp-nestleiar
Sunnfjord-ordførar Jenny Følling foreslår kommunalminister Erling Sande som ny nestleiar i Senterpartiet.
NPK-NTB: Senterpartiet har stått utan éin av to nestleiarar sidan Ola Borten Moe gjekk av i fjor etter å ha brote habilitetsreglane i regjeringa. I dag er det berre Anne Beathe Tvinnereim som har nestleiarverv i partiet.
I mars 2025 skal partiet ha landsmøte, og derfor er valnemnda no i gang med å finne kandidatar til det andre nestleiarvervet, skriv Klassekampen.
Sunnfjord-ordførar og tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, foreslår Erling Sande til vervet. Han er i dag kommunalminister.
– Erling har vist at han forstår den krevjande situasjonen mange kommunar er i, og han var også rask i tida etter statsbudsjettet og kom med nye løyvingar i nysalderinga. Det viser at han tek problemstillinga på alvor, seier Følling til Klassekampen.
Kommunalministeren sjølv seier til avisa at han først vil ta stilling til nestleiarvervet dersom valnemnda tek kontakt med han.
– Akkurat no har eg meir enn nok å tenkje på som statsråd, seier Sande.
(NPK)