Det regjeringsoppnemnde skjermbrukutvalget har undersøkt skjermbruken til barn og unge i barnehagen, skulen og på fritida.
Måndag overleverte dei den endelege rapporten sin til kunnskapsministeren. Nokre av hovudfunna er at:
* Å bruke skjermar kan gjere det vanskelegare å sovne og gi dårlegare søvn.
* Eigenskapar ved sosiale medium kan føre til dårlegare psykisk helse.
* Skjermbruk kan utfordre konsentrasjonen og læringa til barn og unge.
– Eitt av funna frå utvalet er at det ikkje finst belegg for at skjermbruk kan vere positivt for utviklinga til dei yngste barna. Dei tilrår derfor å sterkt avgrense skjermbruk for barn under to år, også i barnehagen, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Vil kutte skjerm i matpausen
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier at ho merkar seg at utvalet støttar mange av tiltaka regjeringa allereie har sett i gang.
– Som at det må vere god balanse mellom bruk av skjerm, bøker og fysisk aktivitet i skulen. Og at bruk av skjerm påverkar søvn og konsentrasjonsevna til elevar negativt, som igjen påverkar læringa, seier ho. Utvalet tilrår også å kutte skjermbruk i matpausane til skulen. Det meiner kunnskapsministeren er eit godt og enkelt grep.
– I matpausen meiner eg elevane bør kunne ete, prate saman og nyte maten. Her har skjermen ingen pedagogisk funksjon, seier ho.
Tilrår ikkje Some-aldersgrense
Utvalet meiner elles at det ikkje er nødvendig med ei nasjonal aldersgrense for bruk av sosiale medium, noko regjeringa for tida jobbar med.
– Plattformene bør setje aldersgrenser for sine tenester, ut frå ei vurdering av innhaldet og funksjonar i tenesta. Styresmaktene bør føre effektivt tilsyn, med moglegheit for sanksjonar, med at tenestene overheld aldersgrensene og tilbyr alderstilpassa tenester, skriv utvalet i rapporten.
Utvalet understrekar at barn og unge opplever mange gleder og positive sider ved sosiale medium og digitale spel.
– Sosiale medium kan vere ei kjelde til underhaldning, informasjon og inspirasjon, og ein måte å halde kontakt med familie, venner og kjende. Dataspel har også vorte ein viktig sosial arena, skriv dei.
Samtidig påpeikar dei at dei digitale plattformene har fleire negative sider.
– Det er lett å bli distrahert av skjerm og vanskeleg å ikkje bruke meir tid enn ein ønskjer på skjerm, særleg når hjernen ikkje er ferdig utvikla, heiter det i rapporten.