Det kan vere vanskeleg å seie nei til søte blikk.
Illustrasjonsfoto: Shutterstock / Tryg Forsikring
Ikkje gi julemat til dei firbeinte
NPK: Det kan vere vanskeleg å seie nei til bedande blikk, men for kjæledyret ditt er det best å halde seg til dei vanlege matrutinane.
– Jula betyr god mat for mange, men ikkje tru at maten er god for hund og katt, seier Kari Beate Stenseth, skadesjef for husdyr i Tryg Forsikring, i ei pressemelding.
Pinnekjøt, ribbe, sjokolade, druer og rosiner er døme på mat som kan gi magetrøbbel og alvorleg forgifting .
– Ikkje la matrestane stå att etter middagen, og hugs å gå ut med søppelet så fort maten er rydda bort. Vi ser mange tilfelle der kjæledyret har fått tak i restar, og at bein frå ribbe og pinnekjøt set seg fast i mage- og tarmsystemet, seier Stenseth.
Tor Kvinge, veterinær og regionleiar ved AniCura dyresykehus i vest og nord, seier dei styrkar bemanninga i jula for å hjelpe fortvilte katte- og hundeeigarar i juleferien.
– Innpakningsband og gåvepapir er noko som vekkjer interessa til ein katt, men det kan leggje seg i tarmen og forårsake livstrugande skader, seier Kvinge.
Bolledeig frå julebaksten kan også vere farleg.
– Ein hund som har ete gjæra bolledeig, er ein kritisk pasient. Det er krevjande å tømme ein hund for deig, og det er lurt å kontakte veterinær med ein gong ein oppdagar uhellet, forklarar veterinæren.
(NPK)