Mattilsynet: – Ikkje gi kjæledyr i julegåve
Å bli eigar av eit kjæledyr er ei stor avgjerd, og det er viktig å tenkje godt gjennom kva det inneber å ha ansvaret for eit dyr. Derfor bør du ikkje gi dyr i gåve, oppmodar Mattilsynet.
Det krev både tid og ressursar å gi dyr eit godt og fullverdig liv.
– Dei fleste som skaffar seg dyr ønskjer i utgangspunktet gi det eit godt liv. Likevel endar mange dyr opp i heimar der dei ikkje får dekt dei naturlege behova sine. Dette er eit stort og alvorleg dyrevelferdsproblem, seier seksjonssjef Nina Brogeland Laache i seksjon dyrevelferd i Mattilsynet, i ei pressemelding.
Annonse
(NPK)