Styringsrenta står på 4,5 prosent som venta. Biletet viser sentralbanksjef Ida Wolden Bache. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Styringsrenta står på 4,5 prosent som venta. Biletet viser sentralbanksjef Ida Wolden Bache. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Noregs Bank varslar første rentekutt i mars neste år

Noregs Bank varslar at første rentekutt kjem i mars neste år. Førebels blir styringsrenta ståande på 4,5 prosent.

Det går fram av den nye rentebanen som Noregs Bank la fram torsdag. Styringsrenta i Noreg har lege på 4,5 prosent sidan desember i fjor. Då hadde ho vorte sett opp i alt 14 gonger sidan ho låg på 0 prosent i 2021.

Tidlegare i år antyda sentralbanksjef Ida Wolden Bache eit første rentekutt i desember, men dette vart skubba ut i tid då Bache i juni sa at lønnsveksten i Noreg såg ut til å bli høgare enn det Noregs Bank hadde sett for seg.

– Prognosen i denne rapporten indikerer ei styringsrente som blir gradvis sett ned frå første kvartal 2025. Samanlikna med førre rapport er prognosen for styringsrenta lite endra, men den indikerer litt mindre nedgang i renta i åra framover, heiter det i ei pressemelding frå banken.

– Vår vurdering er at det framleis er behov for ein innstrammande pengepolitikk for å stabilisere prisveksten rundt målet, men at tida snart er inne for å byrje å setje renta ned, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

I pengepolitisk rapport heiter det at prognosen for styringsrenta er 2,9 prosent ved utgangen av 2027.

(©NPK)