Ny rettleiar frå Sjøfartsdirektoratet skal bidra til tryggare cruisetrafikk langs norskekysten og Svalbard. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Ny rettleiar frå Sjøfartsdirektoratet skal bidra til tryggare cruisetrafikk langs norskekysten og Svalbard.

Ny rettleiar for trygg cruisesegling

Cruisetrafikken utgjer ein viktig del av aktiviteten langs norskekysten. Men store fartøy med mange passasjerar som ferdast i tidvis krevjande vêrforhold kan også utgjere ein risiko. Ein ny rettleiar skal hjelpe cruisenæringa å redusere risikoen for alvorlege hendingar til sjøs.

Publisert Sist oppdatert

Cruiserettleiaren er utarbeidd i eit samarbeid mellom Sjøfartsdirektoratet, Kystverket, Sysselmeisteren på Svalbard og Hovudredningssentralen.

Den er meint for aktørar som driv eller planlegg å drive cruiseaktivitet i norske farvatn. Der får dei konkrete råd om planlegging av segling og førebygging av farlege situasjonar langs norskekysten og Svalbard.

– Cruiseaktiviteten representerer mykje positivt for næringslivet langs kysten vår. Men segling i norske farvatn kan vere krevjande både sommar og vinter, og redningsressursar kan vere langt unna. Det viktigaste vi kan gjere for å få ned risikoen for cruisetrafikken er å sørgje for god førebygging, kommenterer kystdirektør Einar Vik Arset.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS