ILLUSTRASJONSFOTO: Lise Åserud / NTB / NPK
ILLUSTRASJONSFOTO: Lise Åserud / NTB / NPK

Posten: – Vi veit at vi distribuerer narkotika ufrivillig

Posten er klar over at dei ufrivillig distribuerer store mengder narkotika. Dei ser ei aukande mengd mistenkjelege pakkar.

– Vi har avdekt femti prosent fleire «mistenkjelege pakkar» samanlikna med same periode i fjor. Det er dei same rutinane som før, så det er openbert at det er ein auke, seier Terje Ulfsten, fagansvarleg for anti-krim i Posten, til TV 2.

Av og til stikk det små lynlåsposar ut av hol i pakken, medan det andre gonger er lukta som avslører innhaldet i pakken. Men det er ikkje tvil om at det også er mykje som kjem gjennom, ifølgje Posten.

– Vi veit at vi distribuerer narkotika ufrivillig. Det er vi smerteleg klare over, seier Ulfsten.

(©NPK)