Tove Elise Madland, Arbeiderpartiet.
ARKIVFOTO: JON EDVARSSEN
Debatt
Skulegudsteneste
Søndag tenner vi det første av fire adventslys. Adventstida og ventetida er her, med alle dei gleder og forventningar det inneber. Samstundes vil mange også kjenne på utfordringar og forventningar ein ikkje kan innfri. Jula er ein av våre mange kristne tradisjonar og ein del av vår kristne kulturarv. I dei siste vekene har diskusjonen om skulegudstenester pågått i media. Eg har valt å ikkje seia noko, men nå…
Les meir lokal debatt her: Debatt
Sjølvsagt skal våre barn delta på skulegudstenester om dei ynskjer det. Sjølvsagt skal det leggast til rette for eit anna opplegg for dei som finn det unaturleg å gå til gudsteneste. Eg er særs glad for at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er tydeleg på akkurat det. Som mamma (til no vaksne barn) var det aldri diskusjon om ein skulle delta på julegudstenesta ved skulen si avslutning. For meg var det heilt naturleg at mine barn skulle lære om jula sitt bodskap, barnet i stallen, om å vere på flukt og ikkje få tilhald nokon stad. Dette er viktige tradisjonar som eg no håper at mine barnebarn får ta del i.