Det blei avdekt 234 ulovlege garn langs norskekysten i 2024 , skriv NRK.
Troms og Finnmark skil seg ut med 90 ulovlege garnsett, medan Vestland også har eit høgt tal. Siril Borgersen, kommunikasjonsrådgivar i Miljødirektoratet, forklarar at situasjonen er særleg kritisk for nokre elvar:
– Det er enkelte vassdrag som har ein så svak laksebestand at alt laksefiske i vassdraget er forbode. Dersom ein fiskar i sjøen på desse svake bestandane kan konsekvensen bli store.
Strafferamma for brot på lakse- og innlandsfiskelova blei skjerpa i 2020, med risiko for opp til fem års fengsel ved alvorlege brot. Miljødirektoratet merkar ein auke i tips frå bekymra publikum om ulovleg garnfiske.
Borgersen håpar at auka informasjon om regelverk og strengare straffer vil føre til mindre ulovleg fiske.
(©NPK)