Eit fleirtal av bedriftsleiarar i Sør-Noreg vil ikkje ha fleire vindmølleparkar som denne på Smøla, dersom det går ut over verdifull natur. Arkivfoto: Kjell Herskedal / SCANPIX / NPK
Eit fleirtal av bedriftsleiarar i Sør-Noreg vil ikkje ha fleire vindmølleparkar som denne på Smøla, dersom det går ut over verdifull natur.

Energi

Bedrifter seier nei til naturkrevjande kraft

Eit fleirtal av norske bedriftsleiarar i Sør-Noreg vil ikkje ofre område med høgt naturinnhald for å legge til rette for nye kraft- og industriprosjekt, ifølgje ei spørjeundersøking frå NHO Rogaland.

Publisert Sist oppdatert

Bedrifter på Sørvestlandet har fått slite særleg med høge straumprisar dei siste åra. Mange meiner at vegen ut av straumkrisa er å bygge ut meir kraft, men vind- og vasskraft hamnar ofte i konflikt med naturvern.

NHO Rogaland har spurt 1050 bedriftsleiarar i Sør-Noreg om det sett frå bedrifta deira er rett at ein tek område med høgt naturinnhald for å leggje til rette for nye kraft- og industriprosjekt.

Heile 56,1 prosent av dei svarer nei, berre 29,3 prosent svarer ja. Resten svarer veit ikkje. Over halvparten av bedriftsleiarane sett med andre ord høgt naturinnhald over nye kraft- og industriprosjekt, skriv Nationen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS